Biloppstillingsplass

Beskriving

På eigen eigedom kan du opprette biloppstillingsplass til eige bruk, dersom ikkje noko anna kjem fram av vedtekter og planar i kommunen. Biloppstillingsplass kan også vere for landsbruksmaskinar på ein landsbrukseigedom. Du treng vanlegvis ikkje å sende inn melding/søknad til kommunen. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad. Dersom det må opprettast ei ny innkøyring, vil som regel eit slikt tiltak vere i strid med kommunale planar eller gjevne avkøyringsløyve frå veg.

Det er ikkje noko krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar og tverrbuarar som kan tenkjast å bli berørte av tiltaket. Du kan da klargjere at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.

Oppdatert

20.01.2015

Kriterium

Generelle vilkår:

  • Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller ulempe for omgivnadene
  • Tiltaket er ikkje i strid med plan- og bygningslova
  • Tiltaket er ikkje i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

Målgruppe

Hus- og tomteeigarar, også eigarar av landsbrukseigedom

Rettleiing

Du treng ikkje sende melding/søknad til kommunen dersom byggjetiltaket oppfyller vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du er sjølv ansvarleg for at byggjetiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.

Referansar

Sist endra 19.08.2016 av Nyborg-Christensen, Carl-Richard
 
 
Login for redigering