Vis alle

Søknad om spelemiddel for tildeling i 2018

Søknadsfristen for spelemidlar er i år sett til onsdag 25. oktober. 

Vi vil vere tilstades på kommunehuset tre kveldar i veke 42 for å hjelpe dei som skal søkje med det nye søknadsprogrammet som Kulturdepartementet lanserte denne veka.  

Søknadsfrist for spelemidlar med tildeling i 2018 er i år sett til onsdag 25. oktober. Dette er noko seinare enn tidlegare år på grunn av det nye søknadsprogrammet som Kulturdepartementet lanserte 1. oktober.

Om du treng hjelp med søknaden din så vil Rakel Apneseth og Laila Bergheim Ommedal vere på kontora sine desse kveldane:

  • Tysdag 17. oktober frå kl 16:00
  • Onsdag 18. oktober frå kl. 18:00
  • Torsdag 19. oktober frå kl. 19:30

I tillegg er vi og sjølvsagt på kontoret på dagtid og tilgjengelege på telefon, så om det høver betre så går det fint!

Dei som har nye søknader må snarast mogleg sende søknad til kommunen om ei idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av anlegget det skal søkjast om midlar til. I kap. 2.5.6 i denne rettleiaren ser du kva ein søknad om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning skal innehalde: https://www.regjeringen.no/contentassets/34fad27c0ac4485c9f9d7aa01875bfe1/v-0732b_2017_bestemmelser_om_tilskudd_til_anlegg_for_idrett_og_fysisk_aktivitet_2_utgave.pdf

Merk!! Anlegg som skal fornye søknaden sin treng ei ny idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning om den de har er 2 år gamal.

I kap. 2.2.8 (punkt 5) på linken ovanfor går det fram kva andre vedlegg som skal vere med når ein søkjer om spelemidlar. Det hadde vore fint om du hadde hatt dette på plass til du eventuelt kjem hit for å få hjelp med søknaden.

Vi ber om ei rask tilbakemelding på kva dag og tid som høver best for deg så kan vi hjelpe deg med å få lagt inn søknaden i det nye programmet.

Send mail til : lbo@jolster.kommune.no evt. ring 99202653.

Publisert av Laila Bergheim Ommedal. Sist endra 04.10.2017 av Laila Bergheim Ommedal
 
Login for redigering