Vis alle

Rehabilitering av Skei stadion er i full gang

Fv. Jan Sunde, Jonny Solheimsnes og Halvard Klakegg frå Jølster IL og rådmann Ellen Jensen. - Klikk for stort bileteFv. Jan Sunde, Jonny Solheimsnes og Halvard Klakegg frå Jølster IL og rådmann Ellen Jensen. Rehabiliteringa av Skei stadion er i full gang. I dag har vi vore på synfaring og fått orientering om framdrifta på anlegget.

Anleggsarbeidet er i full gang. - Klikk for stort bileteAnleggsarbeidet er i full gang. Jølster IL er i full gang med rehabilitering av Her skal no støypast nytt sittedekke. - Klikk for stort bileteHer skal no støypast nytt sittedekke. Skei Stadion. Det skal leggast nytt kunsstoffdekke på den gamle grusbana og i den enden av stadion som vender mot Skrede blir det nytt felt for tekniske øvingar, - også dette med tidsriktig dekke i kunsstoff.

I tillegg blir tribunane pussa opp med nytt, støypt dekke og det skal leggast 700 meter med støypt kanstein rundt heile anlegget.

Det har vore lagt ned mykje dugnadsinnsats allereie. Nyleg stilte t.d. 20 personar opp på kort varsel og var med på å fjerne mose og gamalt belegg på tribunane slik at det kan støypast nytt betongdekke. Plana er at der skal bli nye sete, evt leggast impregnert tre slik at det blir meir innbydande og behageleg å vere tilskodar. I løpet av dei komande vekene må alt gjerast klart til firmaet som skal legge kunststoffdekket kjem for å gjere jobben.

Publisert av Laila Bergheim Ommedal. Sist endra 12.07.2017 av Laila Bergheim Ommedal
 
Login for redigering