Vis alle

Pulstrening

Pulstrening - Klikk for stort bilete Treningsgruppe for deg som ønskjer å kome i betre form.

Ta kontakt med fastlegen din eller ein av oss i fysioterapitenesta i Jølster.

            Eli Skrede tlf. 99202685

            Øygunn Juklestad tlf. 91658204

            Ingrid Hjolman Reed tlf. 99202684

Helseeffektar av betre fysisk form:

Betra fysisk form har positive effektar både på fysisk og psykisk helse. Det betrar evna til å arbeide med høg intensitet over lengre tid, gjev betre hjerte og lungefunksjon, sterkare og meir uthaldande muskulatur, styrka immunforsvar, har positiv påverknad i forhold til mental helse, søvn, vektkontroll, mage/tarmfunksjon og regulering av blodsukker og kolesterol.

Målgruppe:

Målgruppa for treningsgruppa er personar  i yrkesaktiv alder som har eit ønskje og behov om  å kome i gong med trening for å betre fysisk form. Aktuelle problemstillingar kan vere muskel/skjelett-smerter, overvekt, diabetes, hjerte/kar-sjukdom, lett forhøga blodtrykk eller kolesterol og problemstillingar rundt psykisk helse.

Målet med treninga:

Målet med treninga er at deltakarane skal bli kjend med kondisjonstrening og kva intensitet i aktivitet og trening som gjev effekt i forhold til dette. Målet er også å gje deltakarane motivasjon til å ta med seg dette tilbake i eigen kvardag.

 

 

 

 

 

 

Praktisk informasjon:

 

·         Det er fysioterapitenesta i Jølster som organiserer tilbodet. Gruppa vil bli leia av fysioterapeut.

 

·         Oppstart vil vere i veke 35  med første samling måndag 28. august.

 

·         Tilbodet vil gå over 6 veker. Det vil vere to samlingar i veka dei første tre vekene, deretter ei samling i veka dei siste tre vekene. Tidspunkt vil vere måndagar og torsdagar kl. 1430, varigheit omlag ein klokketime.

 

·         Treningsøktene vil føregå på grusvegar ulike stader i kommunen.

 

·         Treningsformen vil vere gange i kupert terreng og oppoverbakke etter intervallprinsippet. Dei som treng det kan nytte gåstavar. For nokre kan det vere eit mål å klare å jogge/springe i løpet av treningsperioden.

 

·         Du blir oppfordra til å bestille time hos fastlegen din før oppstart og etter avslutta treningsperiode. Dette for å ta ein enkel helsesjekk (inkludert lab. prøver), evaluere effekt og samtale.

 

·         Eigenandel kr 97,- pr. gong. Faktura blir tilsendt etter avslutta treningsperiode.

Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 19.06.2017 av Carl-Richard Nyborg-Christensen
 
Login for redigering