Vegadresser i Jølster

Vassenden - Klikk for stort bilete Jan Nik. Hansen

Tryggleik for liv, helse og eigedom

Det er staten som har bestemt at vegnamn med adressenummer skal innførast som ei felles ordning for heile landet.

Den viktigaste grunnen  er tryggleiken for liv, helse og eigedom. Talet på naudsentralar er redusert dei siste åra, det er også lokalkunnskapen hos operatørane. Eit einsarta adressesystem kan nyttast av alle, det gir betre mulegheit for planlegging av køyreruter og redusert responstid for utrykkingskøyrety. Dette siste kan vere avgjerande i ein krisesituasjon.

Matrikkelforskrifta (matrikkel = offentleg register over grunneigedomar) seier at det alltid skal tildelast adresse til bygningar som er planlagd brukt til bustad, fritidsbustad, næringsverksemd, offentleg eller publikumsretta verksemd.

Namnekomiteen

Arbeidet starta på nyåret i 2015. Då vedtok Utval for plan og utvikling adresseparsellar, altså start- og sluttpunkt for dei enkelte vegstrekningane. Utval for oppvekst, kultur og helse har sett ned ein namnekomité der desse er med:

1. Kari Støfringsdal

2. Hallstein Dvergsdal

3. Svein Olav Sandnes

 

Varamedlemmer:

1. (blir valgt 24.april)

2. Kjetil Flatjord

3. Alf Støfring

 

Komiteen skal med det første starte arbeidet med å samle inn namneforslag på vegane og områda der det skal tildelast vegadresser. Utgangspunktet for namneforslaga skal ha geografisk eller kulturhistorisk tilknyting.

Viktig ved val av vegnamn

Adressering og namngjeving av vegar er først og fremst er eit tiltak for at det skal vere enkelt å finne fram for dei som ikkjeer lokalkjende, og ikkje for at dei som bur på ein stad skal få ei ”finast muleg” adresse. Namna må vere lette å skrive, lese og uttale. Dei må vere eintydige, dvs. at det berre kan vere ein Bergvegen, sjølv om det heiter Berg fleire stader i kommunen.

Namn bør bygge på og vidareføre den lokale namnetradisjonen. Historiske namn, eldre stadnamn eller andre namn som fortel om staden si kulturhistorie er gode utgangspunkt for vegnamn. Vegnamn skal vere varige og overleve mange omskiftingar. Dei bør ikkje vere knytt til tidsavgrensa eller politiske tilhøve eller verke støytande eller komiske.

Saksgang

Arbeidet med å tildele vegnamn kan kort oppsummerast slik:

  • Dele inn vegnettet i adresseparsellar
  • Samle inn forslag til vegnamn
  • Namnekomiteen innstiller på forslag til vegnamn
  • Namneforslag leggast ut på høyring
  • Den regionale stadnamntenesta skal få namneforslaga på høyring
  • Hovedutvalet for oppvekst,  kultur og helse vedtek  vegnamn
  • Kommunen tildeler adressenummer og informerer eigar/festar om den nye offisielle adressa på eigedomen
  • Statens vegvesen og kommunen sett opp vegskilt
  • Den enkelte eigar/festar sett opp nummerskilt på huset sitt

Kva er ei adresse?

Ei vegadresse inneheld Adressenamn (vegnamn) + adressenummer med eventuell bokstav.

Avdeling for plan og bygg i kommunen tildeler husnummer. Hovudregelen er at hus på høgre sida av vegen får oddetalsnummer og husa på venstre sida får partalsnummer. I Jølster medfører dette at dei som bur i Hjelmbrekkefeltet vil få nye husnummer.

Adressa skal knytas til den vegen som er godkjent som hovudtilkomst til eigedomen.

I spreiddbygde strøk brukar ein avstandsnummerering der det blir sett av eitt husnummer per 10 meter veg. For eksempel får eit hus som har tilkomst på høgre side 2570 meter frå startpunktet, husnummer 257. Ligg huset på venstre side får det nr. 258. Ligg tilkomsten 18 km frå startpunktet, får huset husnummer 1800 om det ligg på venstre side og 1801 om det ligg på høgre side av vegen sett frå startpunktet.

Der adresseparsellen er eit hytteområde, vil nummereringa bli knytt til ein sti eller vanleg tilkomst for dei enkelte hyttene der det er muleg.

Godkjende skrivemåtar

Skrivemåten for stadnamn er regulert i Lov om stadnamn.
Før kommunen gjer vedtak om adressenamn skal den regionale stadnamntenesta få namneforslaget til uttale. Stadnamntenesta kan også gi råd om val av adressenamn.

Lovheimel for adresseringsarbeidet

Kommunen skal fastsette offisiell adresse. Dette medfører at den enkelte kommune er ansvarleg mynde for å iverksette eit adressesystem og vedlikehalde dette gjennom tildeling av nye adresser, endringar og registrering av adresser i eigen kommune. Adresseringsarbeidet er heimla i matrikkelova kap. 4  og matrikkelforskrifta kap. 12.

For spesielt interesserte er det mykje å lese i Statens kartverk sin Adresseveileder. Du kan også lese meir om adressering på Statens kartverk sine heimesider:

Adressetilleggsnamn

Matrikkellova opnar for at gardsnamn (hovudtunet)  kan nyttast som ein del av offisiell adresse i tillegg til vegadressa. Men det er nokre krav som må vere oppfylte for at dette skal kunne godkjennast. Forskriftene i lova seier følgjande:

”Når adressa gjeld eit gardsbruk, kan den som har grunnboksheimel til eigedomen som eigar, krevje at den offisielle adressa også skal omfatte garden sitt bruksnamn, dersom namnet fell språkleg og geografisk saman med eit nedarva stadnamn, jf. lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn.”

Det er også muleg å få adressetilleggsnamn på andre bygg i særlege tilfelle:
”Når adressa gjeld ein særleg kjend institusjon eller bygning og allmenne omsyn talar for det, kan kommunen på oppmoding frå registrert eiger fastsette at den offisielle adressa også skal omfatte eit namn på institusjonen eller bygningen.”

Kommunen vil ikkje tildele adressetilleggsnamn før heile prosessen med tildeling av vegadresser er ferdig. Førespurnad kan sendast inn når dykk får melding om tildeling av offisiell vegadresse.

Vi kjem til å legge ut informasjon om arbeidet med vegadresser på heimesidene våre  undervegs i prosessen.

Publisert av Laila Bergheim Ommedal. Sist endra 24.06.2015 av Laila Bergheim Ommedal
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering