Offisiell opning av dagsturhytta Fjellro laurdag 29. september

Dagsturhytta Fjellro 1 - Klikk for stort bilete Laurdag 29. september kl 13:00 - 16:00 planlegg vi ei offisiell opningsmarkering av dagsturhytta Fjellro.

Mange har allereie avlagt Fjellro eit besøk, det går tydeleg fram av hytteboka. Veldig kjekt!

I løpet av dei neste vekene vil stien, eller rettare sagt stiane, opp til hytta bli merka med same type skilt som er brukt elles i Skei-området. Traseane vil bli rydda for skog som måtte stå litt i vegen, veita og litt betre tilrettelagt for dei mange som ferdast der. Vi er veldig glade for at speidargruppa og alle dei gode hjelparane der har tatt på seg denne oppgåva!

Laurdag 29. september kl 13:00 - 16:00 inviterer vi difor til ei opningsmarkering oppe på Fjellro. Ordførar Oddmund Klakegg skal foreta den offisielle opninga. Vi har invitert representantar både frå Fylkeskommunen og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som har vore viktige bidragsytarar for å få dette til.

Det vil bli kulturinnslag, dette er ikkje 100% "i boks" enno, men vi håpar og trur at det vil bli vel verdt å ta turen opp! Vi kjem tilbake med programmet for opninga når det nærmar seg litt meir og alle bitane er på plass. Inntil dess - set av dagen!