Naturskadeerstatning - har du fått naturskade på eigedomen din?

Klikk for stort bileteNo er det viktig at alle grunneigarar tek bilete av skadane som har oppstått, - ta heller for mange enn for få. Det er svært viktig at skadar blir dokumentert for å kunne søkje om naturskadeerstatning

Kva slag skade vert dekka av Statens naturskadeordning?

Ordninga dekkjer skade på objekt det ikkje er mogleg å forsikre mot naturskade gjennom alminneleg privat forsikringsordning. Dette kan vere vegar, bruer, jord- og skogbruksareal. Vanlege forsikringar dekkjer skade på mellom anna hus, innbu, hageanlegg, bilar, maskiner, utstyr og båtar. Det som avgjer om du kan søke erstatning er om objektet kunne vore forsikra, ikkje om det faktisk var forsikra. Ordninga gjeld for utbetring av skade, ikkje for forbetring av standard eller sikring mot nye skadar. Indirekte skade som tap etter straumbrot og stans i drifta vert ikkje dekka som naturskade, same gjeld tapt eller øydelagt avling.

 

Om søknad

Naturskade skal meldast på eit digitalt søknadsskjema. Skjemaet og meir informasjon om naturskadeordninga  Fristen for å søke er 3 månadar etter skaden har skjedd. Søkjar er ansvarleg for å dokumentere skaden og kostnaden med reparasjonane, og det er difor viktig med gode bilete av skaden og kart som viser skadestad.

Dersom kostnadane er under 50 000 kr, kan søkjar dokumentere dette med eige oppsett og bilete. Ved større kostnadar krevjast det anbod, og dersom kostnadane er over 200 000 kr skal det dokumenterast med minst 2 anbod eller takstrapport frå autorisert takstmann. Det kan òg søkast om erstatning for meirkostnadar og redningskostnadar (sjå forskrifta kap. 2 og 3).