Kunstnaren bak ramma

- Ærast den som ærast bør,  er det noko som heiter. Mange har lurt på kven som har laga den flotte kopien av staffeliet til Nikolai Astrup som står på moloen på Skei. Kunstnaren bak denne heiter Bjarne Aasen, jølstring frå Langhogane, no busett i Førde.

I samband med at arbeidet med moloen på Skei starta opp så hadde vi i lengre tid sysla med tanken på å få sett opp ei fotoramme som folk kunne bruke til å ta fine bilder frå Jølster. Ideen til å få laga ein kopi av

Bjarne Aasen under arbeid med montering av staffeliet. - Klikk for stort bileteBjarne Aasen under arbeid med montering av staffeliet.

staffeliet til kunstnaren Nikolai Astrup var Bjørn Anders Steinsund (tidl. tilsett i kommunen) sin.

Vi fekk eit godt tips om at Bjarne Aasen, jølstring men no busett i Førde, var rett mann å spørre om å ta på seg oppgåva med å lage den. Det viste seg å stemme, Bjarne påtok seg jobben,rett nok etter å ha tenkt seg litt om. Han la ned ein god og grundig jobb for å få ramma slik han og vi ville ha den og vi er svært godt nøgde med resultatet!

Tilbakemeldingane vi har fått har vore udelt positive og vi ser at svært mange legg inn ein stopp på Skei for å knipse seg sin eigen Astrup her.

Flott marknadsføring av den vakreBjarne Aasen.signatur - Klikk for stort bilete

 

kommunen vår!

Publisert av Laila Bergheim Ommedal. Sist endra 18.03.2015 13:22 av Ommedal, Laila Bergheim
 
 
Login for redigering