Kjøsnesfjordfondet – søknadsfrist 1. oktober 2018

Planlegg du tiltak for å fremje fiske, viltet eller friluftslivet i kommunen? Treng du økonomisk støtte for å få realisere slike tiltak? Då kan du søkje om tilskot frå Kjøsnesfjordfondet. 11893757_10152915488446114_622461718404412697_o.jpg - Klikk for stort bilete Laila B. Ommedal

 

Kjøsnesfjordfondet får årleg innskot på 60 000 kroner. Vi har støtta mange gode tiltak dei siste åra, og i haust er det av den grunn totalt 25 000 kroner igjen på fondet.

Søknader som kjem inn før 1.oktober vert handsama av Utval for plan og utvikling 17. oktober 2018. Søknader som kjem inn etter 1.oktober vert ikkje handsama før til våren (2019).

Søknaden må vere i tråd med retningslinjer for bruk av fondsmidlar. Søkjarar kan vera lag, organisasjonar, einskildpersonar eller kommune.

Retningslinjene for kjøsnesfjordfondet (PDF, 281 kB)

Meir om kjøsnesfjordfondet

Send søknaden til postmottak@jolster.kommune.no innan 1.oktober 2018