Kjøsnesfjordfondet og Jølstrafondet – søknadsfrist 15. mai 2019

Planlegg du tiltak for å fremje fiske eller friluftslivet i kommunen? Treng du økonomisk støtte for å få realisere slike tiltak? Då kan du søkje om tilskot frå Kjøsnesfjordfondet og/eller Jølstrafondet.

 

 

Kjøsnesfjordfondet får årleg innskot på 60 000 kroner. Vi har støtta mange gode tiltak dei siste åra, og i vår er det av den grunn totalt 67 000 kroner igjen på fondet.

Jølstrafondet får årleg innskot på 107 060 kroner. Det er eitt nyoppstarta fond, og har av den grunn totalt 215 200 kroner disponibelt på fondet.

Søknader som kjem inn før 15.mai vert handsama av Utval for plan og utvikling 5. juni 2019. Søknader som kjem inn etter 15.mai vert ikkje handsama før til hausten (2019).

Rådmannen avgjer kva fond innkomne søknader høyrer til. Avgjersla vert gjort på bakgrunn av kva fond som vert rekna som mest relevant utifrå føremålet det vert søkt støtte til, kvar (geografisk) prosjektet/ tiltaket er heimehøyrande og storleiken på dei aktuelle fonda.

Søknaden må vere i tråd med retningslinjene for bruk av fondsmidlar. Søkjarar kan vera lag, organisasjonar, einskildpersonar eller kommune.

Meir om fiske- og friluftsfonda

 

Send søknaden til postmottak@jolster.kommune.no innan 15.mai 2019