Kjøsnesfjordfondet og Jølstrafondet – søknadsfrist 1. oktober 2019

Klikk for stort biletePlanlegg du tiltak for å fremje fiske eller friluftslivet i kommunen? Treng du økonomisk støtte for å få realisere slike tiltak? Då kan du søkje om tilskot frå Kjøsnesfjordfondet og/eller Jølstrafondet.

 

 

Det er 30 000 kroner igjen på Kjøsnesfjordfondet og 49 000 kroner igjen på Jølstrafondet for denne søknadsomgangen.

Søknader som kjem inn før 1.oktober vert handsama av Utval for plan og utvikling 16. oktober 2019. Søknader som kjem inn etter 1.oktober vert ikkje handsama før til våren 2020.

Rådmannen avgjer kva fond innkomne søknader høyrer til. Avgjersla vert gjort på bakgrunn av kva fond som vert rekna som mest relevant utifrå føremålet det vert søkt støtte til, kvar (geografisk) prosjektet/ tiltaket er heimehøyrande og storleiken på dei aktuelle fonda.

Søknaden må vere i tråd med retningslinjene for bruk av fondsmidlar. Søkjarar kan vera lag, organisasjonar, einskildpersonar eller kommune.

Meir om fiske- og friluftsfonda

 

Send søknaden til postmottak@jolster.kommune.no innan 1.oktober 2019