Interkommunal plan for klimaomstilling i Sunnfjord 2019 – 2030 – offentleg ettersyn

Førde, Gaular, Naustdal og Jølster kommune har utarbeidd eitt framlegg til interkommunal plan for klimaomstilling i Sunnfjord 2019 – 2030.

Planen er todelt og har ein kunnskaps- og plandel og eit handlingsprogram. Kunnskaps- og plandelen skildrar status, utviklingstrekk, utfordringar og mål for planperioden. Handlingsprogrammet inneheld 32 tiltak for perioden 2019 – 2022, og 10 av desse er prioriterte dei neste 4 åra.

Klimaomstilling er den heilskaplege samfunnsendringa vi treng for å kunne skape eit samfunn med lågare utslepp og samstundes vere betre budde på klimatiske endringar som kjem. Hovudmålet i planen er difor: Saman for eit felles mål for Sunnfjord kommune: smartare, tryggare og grønare!

 

Høyringsdokument:

Høyringsfrist:

  • 31. januar 2019

Slik kan du sende merknader:

  • e-post til postmottak@jolster.kommune.no
  • per post til  Jølster kommune, Ospene 1, 6843 Skei