Informasjon - tilsynsgebyr for private avlaupsanlegg

V i får ein del spørsmål knytt til tilsynsgebyret for private avlaupsanlegg når vi sender ut faktura for kommunale avgifter. Under følgjer forklaring på kva vi gjer og kvifor vi gjer dette.

Kva vi gjer:

Jølster kommune er igang med eitt arbeid med kartlegging av private avlaupsanlegg. Dette er første del av eitt arbeid som skal følgjast opp med tilsyn av private avlaupsanlegg. Denne oppgåva er lovpålagt og må gjennomførast av alle kommunar i Norge. For å finansiere dette arbeidet har kommunestyret i Jølster vedtatt å innføre eitt gebyr for kartlegging/tilsyn av private avlaup, gjeldane frå 1. januar 2018. Alle eigedomar som har privat avlaupsanlegg får dette gebyret.

Gebyret på kr. 265 pr. år vert fakturert saman med øvrige kommunale avgifter, fordelt på fire teminar.

Systematisk tilsyn vil innebere følgjande:

  1. Kartlegging og tilstandsvurdering (2018 og 2019)
  2. Utarbeide tilsynsplan (2019 - 2020)
  3. Gjennomføre tilsyn (2020 --->)

I 2018 og 2019 vil arbeidet gå ut på å kartlegge og tilstandsvurdere. Dei fleste som har privat avlaupsanlegg vil få spørjeskjema i løpet av seinsommar/hausten, der vi ønskjer å få opplysningar om type anlegg (reinseløysing), alder mm. Vi kjem ikkje til å utføre tilsyn i 2019, bortsett frå nokon eigedomar (som del av eitt prosjekt i regi av vassregion Sogn og Fjordane). Dei fleste tilsyna kjem etter at vi har blitt Sunnfjord kommune.

Kvifor vi gjer det:

Utslepp av avlaupsvatn frå private avlaupsvatn kan føre til ureining av vatn og vassdrag om anlegget ikkje er dimensjonert for bruken eller ikkje fungarar som det skal etter dagens lovverk.

Dårleg reinsa avlaupsvatn kan føra til ureining av drikkevatn og badevatn, samt bidra til dårleg vasskvalitet i bekkar, elv og innsjø. I Jølster kommune er det omlag 700 private avlaupsanlegg. Ein del av desse anlegga kan trenge oppgradering for å tilfredstilla dagens krav for reinsing og utforming.