Høyring – Fossheim minikraftverk på Vassenden

Fossheim minikraftverk_Visualisering_Kraftstasjon - Klikk for stort bilete Jølster kommunen har motteke søknad om konsesjon for Fossheim minikraftverk på Vassenden. Søknaden vert med dette lagt ut til ettersyn, sjå lenkje til søknaden nedanfor. Det er høve til å gje uttale til søknaden fram til fredag 7. desember 2018.

 

Innspel vert å sende til Jølster kommunen, Ospene 1, 6843 Skei, eventuelt postmottak@jolster.kommune.no   

Søknaden er også tilgjengeleg på tenestekontor, på kommunehuset.

Jølster kommune skal handsame søknaden, jamfør vassressurslova § 64. Reglane i vassressurslova kapittel 3 er førande for handsaminga.