Helsefremjande aktivitetar i Jølster - ny versjon
(PDF, 2 MB) Brosjyra «Helsefremjande aktivitetar i Jølster» er no klar i oppdatert 2019 –versjon. Brosjyra er utarbeidd av folkehelsekoordinator og vert sendt ut til alle husstandar i Jølster første veka i februar.
Det er eit stort spekter av aktivitetar for folk i alle aldrar i kommunen. Brosjyra omhandlar ein del av dei, og skal gjere det enklare å orientere seg i aktivitetstilbodet og ta kontakt med dei som står for den enkelte aktivitet. Det frivillige arbeidet som ligg bak mykje av det varierte tilbodet er sjølve bærebjelken i aktivitets-, frisklivs- og folkehelsetilbodet i Jølster!
Les brosjyra og finn din aktivitet!
Publisert25.01.2019 11.28