Har du forslag til nye tiltak/prosjekt inn i kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv?

Trapp (Jølster kommune) - Klikk for stort bilete Vi sender i desse dagar ut brev til lag og organisasjonar i Jølster i samband med rullering av plan for anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Anlegg kan i denne samanhengen og vere turstiar/-løyper (inkl. merking) og kart.

Å legge til rette for at folk kan drive både organisert og eigenorganisert aktivitet i sitt nærmiljø gir både livskvalitet og god folkehelse. For å vere med å finansiere slike anlegg kan det søkjast om spelemidlar.

Det kan søkjast om midlar til

  • ordinære anlegg (for organisert idrett og fysisk aktivitet) – nedre grense for kostnad er 150.000 kroner
  • nærmiljøanlegg (for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet) – nedre grense for kostnad er 50.000 kroner
  • rehabilitering av eldre anlegg
  • turkart – nedre grense for kostnad er 75.000 kroner

Som hovudregel kan ein få tilskot på inntil 1/3 av godkjent kostnad til bygging/rehabilitering av ordinære anlegg. Til nærmiljøanlegg kan ein få tilskot på inntil 50 % av godkjent kostnad.

Kven kan søkje?

For å kunne få spelemidlar er det eit krav at ein har eit organisasjonsnummer. Søkjarar

kan vere:

  • Idrettslag/organisasjonsledd i Norges Idrettsforbund
  • Samanslutningar under Norges Jeger og Fiskeforbund, Den Norske Turistforening, Norges Bilsportforbund eller Det Frivillige Skyttervesen

NB! Aksjeselskap, stiftingar og samvirkeforetak må søkje departementet om førehandsgodkjenning av vedtektene sine for å kunne søkje om spelemidlar.

 

Desse samanslutningane kan søkje om tilskot til særlege anlegg:

  • Organisert under Friluftsrådenes Landsforbund og Norsk Friluftsliv kan søkje om tilskot til friluftslivsanlegg
  • Organisert under Norsk Kennel Klub kan søkje om tilskot til anlegg for hundesport

 

Frist for tilbakemelding og kontaktpersonar

For å kunne få spelemidlar er det eit krav at prosjektet du vil gjennomføre er tatt inn i Jølster kommune si «Plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv». Den blir rullert kvart år gjennom vedtak i kommunestyret. Vi ber difor om du melder tilbake til oss innan 1. juli om du har planar om prosjekt du vil søkje om tilskot gjennom spelemidelordninga til. Vi ber om å få ein kort omtale av

  • kva type anlegg
  • kor det skal byggast
  • ca pris
  • kven som er brukargruppe(r).

Dette kan sendast til postmottak@jolster.kommune.no.

Jølster kommune set stor pris på alle initiativ som fremjar fysisk aktivitet for alle grupper. Om du er i tvil om du er godkjent som søkjar eller om prosjektet ditt kan få spelemidlar så ta kontakt med Rakel Apneseth tlf. 95242444 eller Laila Bergheim Ommedal tlf. 99202653. Vi hjelper deg gjerne!

 

Søknadsfrist spelemidlar

Søknadsfrist inn til kommunen på spelemidlar er sett til 15. oktober. I forkant av dette kjem vi også i år til å ha tilbod om kveldar der du kan kome på kommunehuset og få hjelp med innlegging av søknad.