Astrup - nye fotorammer i Jølster

Ramme ved Astruptunet - Klikk for stort bilete Jølster kommune har i dag montert ny fotoramme ved Astruptunet, lik den som står på moloen på Skei.

I løpet av dagen skal det også monterast slike rammer ved Eikåsgalleriet og ved vatnet framfor Jølster Hotel på Vassenden. 

Alle rammene er laga av Bjarne Aasen.

Turistar ved Astrupramma - Klikk for stort bilete Rammene er populære fotomål, og ein ser mange som stoppar og tar bilde ved rammene. Medan vi var i Astruptunet i dag kom det fleire turistar både lokale og frå Belgia og Canada, som var imponerte over rammene.