Arbeidet med veg mellom Fossheim og Grungen er starta

Entreprenør Jostein Sunde AS er i gong med å grave ut traséen til det som skal bli ein veg mellom Fossheim og Grungen. Arbeidet starta med at Vestskog tok ut tømmer på staden for nokre veker sidan.

 

Grungen med utsikt mot vest - Klikk for stort bileteGrungen med utsikt mot vest

Vegen vert ei forlenging av den private vegen på Fossheim, og går over tre grunneigarar. Det vert ein solid veg som skal dimensjonerast for tømmerbil. Vegen skal kunne nyttast av gåande og syklande, men det vert ikkje motorferdsel på vegen, med unntak av for grunneigarar. Området er beiteområde for storfe, noko som personar som ferdast der må ta omsyn til.

Lat att grinda, hald hunden i band, og god tur!

 

Når arbeidet er ferdig gjenstår berre «resten», strekninga Grungen – Klakegg, før ein har samanhengande sykkelveg utanom E39 mellom Fonn og Langhogane. - Klikk for stort bileteNår arbeidet er ferdig gjenstår berre «resten», strekninga Grungen – Klakegg, før ein har samanhengande sykkelveg utanom E39 mellom Fonn og Langhogane.