Profilering

Psykososial beredskap og informasjonsmøte i samband med uveret

Treng du nokon å prate med? Det er mogleg å kontakte vakttelefon psykisk helse og helsestasjon for barn og unge ved behov for samtale. Vi er tilgjengeleg på telefon frå 09:00 - 21:00 heile helga.

Psykisk helse ved Gro Eli Dale og Stephanie Levy.

Helsestasjon ved Kristin K. Ramslien.

Telefon psykisk helse: 91658200

Telefon helsestasjon:  47276663

 

Alle kyrkjene i Jølster kommune er opne sundag 4. august. Tid til å vere stille, tenne lys og å vere saman. Høve for samtale med prest.

  • Helgheim kyrkje: 10:00 – 13:00 ( i samband med gudsteneste kl 11-12.15)
  • Vassenden kyrkjesenter: 18:30 – 20:30
  • Ålhus kyrkje: 16:00 – 18:00

 

Informasjonsmøte for innbyggjarar i Jølster etter uveret som råka oss tysdag

Stad: Gymsal Vassenden ungdomsskule

Tid: 05.08.19 Kl: 18:00

 

Representantar frå NVE, politi, Jølster kommune og psykososial støttegruppe vil gje informasjon. Inge Nordhaug frå regionsenter for vald og traumatisk stress, snakkar om ulike reaksjonar etter ei brå hending.

Publisert 08.08.2019

Presentasjonar frå innlegg på informasjonsmøte om naturskade 07. august finn du her.

NB! Har du skader, på din eigedom, meld frå om dette til ditt forsikringsselskap ved fyrste høve.

 

 

Publisert 01.08.2019

No er det viktig at alle grunneigarar tek bilete av skadane som har oppstått, - ta heller for mange enn for få. Det er svært viktig at skadar blir dokumentert for å kunne søkje om naturskadeerstatning