Kven kan røyste

Førehandsrøysting med valkort - Klikk for stort bilete

Røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet har du dersom :

er Norsk statsborgar

fyller 18 år innan utgangen av året

 ikkje har mista røysteretten

Er, eller nokon gong har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg.

I tillegg har personar som ikkje er norske statsborgarar røysterett dersom dei oppfyller krava ovafor og oppfyller desse vilkåra:

 

  • Har stått innførte i folkeregisteret som busette i Noreg dei tre siste åra før valdagen, eller
  • er statsborgar i eit anna nordisk land og er blitt registert i folkeregisteret  som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret.
  • For å kunne utøve røysteretten din i Jølster må du stå i manntalet.

 

Kva gjer eg når eg ikkje står i manntalet?

Dersom du meiner å ha rett til å stå i manntalet, men ikkje er innført der, kan du søkje om å bli innført. Søknaden skal sendast til den kommunen du vil ha røysterett i. Kommunen kan oppdatere manntalet heilt fram til valdagen.

Valkort

Alle velgjarar får tilsendt valkort i posten. Valkortet vert utarbeida på grunnlag av folkeregisterets opplysningar om velgjarens bustadadresse pr. 30. juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer kva for ein kommune du har røysterett i.

På valkortet finn du informasjon om opningstid og kva vallokale du skal bruke på valdagen. Du treng ikkje valkortet for å røyste, men det går raskere for deg å stemme viss du tek det med.

Publisert av Svanhild Røkenes. Sist endra 26.01.2015 av Svanhild Røkenes
 
 
Login for redigering