Kvar kan eg røyste

Valavlukke - Klikk for stort bilete Valdagen er i år måndag 14. september

 

Er du ikkje heime valdagen den 14. september kan røyste på førehand

Alle kommunar tek imot førehandsrøyster og sender desse til heimkommunen din.

Det er viktig at du avgjer slik røyst i god tid før 11. september slik at røysta di kjem fram i posten seinast valdagen.

 

Du kan førehandsrøyste  både på Vassenden skule og Tenestekontoret /Kommuneshuset på Skei i perioden 10.8 -10.9.

Førehandsrøysting

  • Tidlegrøysting frå 1. juli til og med 7. august, kontakt Tenestekontoret 57 72 61 00
  • Førehandsrøysting i perioden 10. august til 11..september:
  • Vassenden skule tysdag-fredag 11.8. - 10.9., kl 08.00 - 15.00
  • Tenestekontoret Skei måndag fredag 10.8. -11.9,. kl 08:15 -15.0

Ambulerande røysting:

Dersom du ikkje kan kome deg til røystelokala på grunn av sjukdom eller uførleik kan du søkje om å få røyste heime før valdagen. Frist for å be om dette er sett til onsdag 9.9.

Valdagsrøysting

  • På valdagen kan du berre røyste i den kommunen du er registrert i folkeregisteret.
  • Opningtid er frå kl 13.00 - 20.00 i alle krinsar, unntak Stardalen: 16.00 - 19.00
  • Du kan røyste i ein annan røystekrins enn den som står på valkortet i kommunen

Informasjon om ditt røystelokale  med opningstider står på valkortet eller søk opp på valglokaler.no

Publisert av Svanhild Røkenes. Sist endra 01.09.2015 av Svanhild Røkenes
 
 
Login for redigering