Visjon og verdiar

Skaparkraft i verdas vakraste ramme! Jølster kommune har ein visjon å strekkje seg etter. Jølster kommune har verdiar. Verdiar å leve etter. Visjonen med verdiar og løfte til omverda er utarbeidd gjennom eit større omdømeprosjekt (PDF, 2 MB).

Visjon

"Skaparkraft i verdas vakraste ramme! "

I verdas vakraste ramme skal vi få fram skaparkrafta i mennesket. Med tru og visse om at vi alle har skaparkraft og glede av å kunne skape i oss, blir vi fort mykje modigare, rausare og endå betre på å inkludere i kvardagen.
 
Krafta til å skape er ein del av alt vi gjer gjennom heile livet. Med arbeidet som her ligg føre oss, ønskjer vi at vi alle skal hugse på denne krafta;- som småfolk, gjennom heile skuletida, som student, i arbeidslivet, i familien, i fritida, og ikkje minst i alderdommen.Kort sagt: frå vogge til grav!
 
Ved å kombinere kunst, kultur og kraft i forma skaparkraft, får vi eit spanande arbeidsfelt. Dette gjev oss moglegheit til å sjå naturen, ressursane og menneska her med nye auge. Nye dører vert opna og andre må latast att… - noko som gjev rom for nyskaping og utvikling.
 

Kjerneverdiar

-verdiar vi verdsett og ønskjer å strekkje oss mot.

Rausheit - Å visa rausheit med omverda er ein fantastisk eigenskap. Denne eigenskapen ønskjer vi skal spreie seg som ild i tørt gras til kvar ein krok i heile bygda. Med rausheit skal vi bygge og gje liv til visjonen og bli bygda som får fram skaparkrafta i menneska.

Inkluderande - Rausheit inkluderar. Kanskje treng vi å hugse på i kvardagen kor viktige nokre utvalde verdiar er for samhelde og felleskapet i bygda. På kryss og tvers av meiningar, grenser, tru og ære kan vi saman skape eit spennande fargerike - bygd på rause inkluderande verdiar!

Modig -  Modig er den som vågar, den som torer vera raus og inkluderande. Modig er den som vågar stå opp mot det urette, og modig er den som torer å gå motstrøms. Modig er den som ikkje blir sittande på gjerdet men nyttar skaparkrafta i seg til fornying og nytenking. Modig er den som med rausheit inkluderer deg og dine i bygda.
 

Løfte til omverda

 
Reindyrka - Vi fiskar aure. Frisk, sprellande og rein fisk dyrka fram på naturens vis, tufta på langsiktig vern av aurens livsgrunnlag i Jølstravatnet og stryka rundt.
 
Ekte - Her finn du jølstringen, den ekte. Og det skal du fortsetta med. Her finn du og Nikolai Astrup sitt rike, det heilt ekte med dei kraftfulle fjella, dalane og bøane. I dei samme fjella, dalane og bøane finn du dei beitande vårlamma, sauene, geitene og kyrne. Nokre helsar, nokre spring – hels tilbake, - du har nett møtt ein jølstring!
 
Innhaldsrik - Jølster er ei lita bygd med eit rikt innhald. Her finn du kunstnarheimen til Nikolai Astrup, galleriet for Ludvig Eikaas-samlinga -og Jølstramuseet. Her finn du dei kraftfulle toppturane, alpine utforbakkane og heftige elvestryka, og her finn du eit mangfald av sykkelturar, av fisketurar. Her finn du det forfriskande enkle stølslivet, her finn du hytteidyll. Og jølstringen? –rik på innhald (om du no slepp han til..?)
 
Publisert av Anette Sollid. Sist endra 24.01.2015 21:05 av Sollid, Anette
 
 
Login for redigering