Vikariat som fysioterapeut i Jølster kommune, to stillingar.

Jølster Kommune har ledig 2 vikariat som fysioterapeut.

Det eine vikariatet er i perioden 01.09.19-31.05.20, det andre er i perioden 15.10.19-30.06.20. 

Tenesta har til saman tre fysioterapeutar, samt 50 % ergoterapeutstilling, og held til i  gode lokaler samlokalisert med legeteneste, NAV og helsestasjon. Tenesta disponerer også godt utstyrt trening- og behandlingsrom knytt til den nye rehabiliteringsavdelinga ved omsorgssenteret.

Aktuelle arbeidsoppgåver:

Vurdering og oppfølging av kurative ventelistepasientar.

Vurdering og oppfølging av barn og unge.

Rehabilitering.

Hjelpemiddelformidling.

Gruppetrening/førebyggande helsearbeid.

 

Vi søkjer:

Offentleg godkjent fysioterapeut.

For den eine stillinga er det ønskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge, men ikkje eit krav.

Søkjar må kunne jobbe sjølvstendig, men også fungere godt i tverrfaglege samarbeid.

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

 

Vi tilbyr:

Ein variert og fagleg utfordrande arbeidskvardag.

Løn etter avtale.

Tenesta har tilgang til tenestebil, men bruk av privat bil må og påreknast.

 

Nærmare opplysningar om stillinga ved

Øygunn Juklestad, fagleiar fysioterapiavdelinga, tlf 57 72 61 59 / 91 65 82 04

Anders Rosø, tenesteleiar helse, tlf 57 72 62 50 / 93 46 50 98

 

Ber om at de sender søknad via vårt elektroniske søknadssenterwww.jolster.kommune.no

 

Ber om at de opplyser kva vikariat de søkjer på.

 

Søknadsfrist: 16.06.19                                      Saksnr: 19/413