Ferievikarar til omsorgstenestene i Jølster kommune

Jølster kommune søkjer ferievikarar til omsorgstenestene i Jølster i perioden 24.06.19 - 18.08.19.

 

Avdelingar som treng ferievikarar:

 Jølster omsorgssenter - Skei:

 Bufellesskap/sjukeheim,korttidsavdeling/rehabiliteringseining, reinhald/kjøkken                             

 Heimetenester.

 Tenester for menneske med psykisk utviklingshemming.

 Jølster omsorgssenter - Vassenden:

 Heimetenester, psykisk helsevern, reinhald og dagtenester.

 

                                 

Vi treng:

-sjukepleiar, vernepleiar

-hjelpepleiar, omsorgsarbeidar, helsefagarbeidar, aktivitørar

-andre med relevant utdanning

-assistentar, studentar og elevar

 

Du kan søkje på fleire avdelingar i same søknad, du set opp prioritert rekkjefølgje på avdelingane du søkjer på. Du må også oppgje kva stillingsstorleik du ynskjer, og i kva tidsrom du kan arbeide. Søkjarar som har vore i ferievikariat tidlegare, og kan arbeide minimun 6 veker samanhengande, vil verte prioriterte.

 

Vilkår:

 

  • Kommunen har bonusordningar for ferievikarar som kan arbeide i minimum 6 veker.
  • Særskilt løn for sjukepleiar- og vernepleiarstudentar (1. årsstudent: 338.800, 2.årsstudent: 348.700, 3. årsstudentar: 364.300)
  • Du må ha sertifikat for bil dersom du søkjer i heimetenestene.
  • Det er krav om politiattest i omsorgstenesta.

 

Har du spørsmål om stillingane ta kontakt med:

Wenche Farsund, Jølster omsorgssenter- Skei, tlf.57726162/ 41322567

wenche.farsund@jolster.kommune.no

Heidi Flatjord, Skei heimetenester/Heimly bufellesskap tlf. 57726164/ 901 89 460

heidi.flatjord@jolster.kommune.no

Finn Ove Arnes, Vassenden heimetenester, tlf.47653520

finn.ove.arnes@jolster.kommune.no

Trine Thorsen, dagleg leiar, aktivitetsenter for mennesker med psykisk utviklingshemming, tlf.90667888

trine.thorsen@jolster.kommune.no

 

Ber om at de søkjer elektronisk via vårt elektroniske søknadssenter www.jolster.kommune.no

 

Søknadsfrist: 10.02.19                                                         Saksnr: 19/42