Visma

Skjermbilde.JPG - Klikk for stort bilete Jølster kommune tok i bruk økonomi- og personalsystemet, Visma, frå 1.januar 2017. Alle tilsette i Jølster kommune har tilgong til opplysningar om seg sjølve via Visma si web-løysing "meg sjølv". Opplysningar den enkelte vil finne om seg sjølv er mellom anna tilsettopplysningar og lønsslippar. Tilsette skal også levere reiserekningar via web-løysinga.

Tilsette som har leiaroppgåver eller merkantile funksjonar innan økonomi og personal, vil utføre ein del av oppgåvene gjennom web-løysinga.

Det er krevjande å skifte økonomisystem, det vil derfor ta noko tid å få gjennomført alle funksjonar/endringar som vi ønskjer å få på plass. I første omgong vil vi ta i bruk følgjande løysingar:

  • "meg sjølv" side for alle tilsette
  • Produksjon av løn
  • Reiserekningsmodul med køyrebok og utlegg
  • Attestasjonog tilvising av inngåande faktura
  • Fakturering av kommunale tenester
  • E-handel
  • Rapportar for rekneskap og budsjett

Utover våren vil vi gå over frå å levere personalmeldingar på papir til personalmeldingar i Visma. Personalmeldingar er stoppløn og endringsmeldingar på løn, permisjonssøkandar m.m.

Tilgong til Visma 
Dersom du har snarveg i administrasjonsmappa, så kan du bruke den. Dersom du ikkje har det, så kan du bruke lenkjene under for å logge deg inn i Visma. Legg merke til at det er ulik lenkje om du er på det kommunale nettet og om du er utanfor det kommunale nettet (tildømes om du er heime).

Innlogging til visma når du er i det kommunale nett og på Citrix.

Innlogging til visma når du er i andre nett.

 

Kort forklaring til dei ulike fanene du møter i Visma:

Meg sjølv: Her ligg opplysningar om deg sjølv. Her finn du namn, adresse, stillingar du har, pårørande, lønsslipp og eventuelle søknader du har hatt inne. Her kan du sjølv endre bankkonto, adresseinformasjon og pårørande informasjon.

Personalia:
Her får du opp informasjon om deg sjølv, kva stilling du har i kommunen og bankkonto for utbetaling løn. Ved å bruke den blå rettepennen, kan du endre  adresse og sivilstand, og leggje inn bilde av deg sjølv.

Personalskjema:
Her kan du registrere fråvere, timelister og ferie. Desse er ikkje i bruk for tilsette i PLO og skule.

NB: Dersom du er tilsett i fleire stillingar i Jølster kommune, så hugs å velge den stillinga som timane/fråveret gjeld for.


Pårørande:
Her legg du inn nærmaste pårørande. Det gjer du ved å klikke på den  blå rettepennen. Du kan òg leggje inn fleire pårørande. Har du barn, så registrerer du også desse.

Kompetanse:
Her kan du registrere kompetansen din.

Dokumenter:
Her vil du som tilsett finne arkiverte lønsslippar tilbake i tid, (frå januar 2017). Her vil også endringsmeldingar knytt til løn ligge.Tilsette får epost med melding om lønnsslipp kvar månad, og lønsslippen finn du i dette dokumentarkivet. Dersom du vil endre e-postadressa du vil ha lønsslippen sendt til, så gjere du det under "personalia".

Søknader:
Her vil den tilsette framover finne søknader som er sendt gjennom web-løysinga i personalsystemet. Vi vil ikkje leggje inn søknader tilbake i tid. Søknader som vil ligge her er stillingssøknader, permisjonssøknader og liknande.

Reiserekning i Visma:
Her leverer du reiserekningar frå 1. januar 2017. Sjå rettleiinga under for korleis regestrere reiserekning. I reiserekningsmoduelen kan du også regisrere utlegg som du har hatt.

NB: Dersom du er tilsett i fleire stillingar i Jølster kommune, så hugs å velge den stillinga som utlegget gjeld for.

 

Lenkjer til brukarrettleiingar

Aktuelle appar:
App for å skanne kvitteringar for reise eller andre utlegg: Visma Attach (nyttig for alle)
App for å tilvise reiserekningar og utlegg: Visma Manager (nyttig for leiar)

Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 29.03.2017 av Anette Sollid

 

Artikkel (2)
 
 
Login for redigering