Sjukmelding

Arbeidsplassen er ein viktig arena for førebygging og oppfølging av sjukefråver. Arbeismiljølova og folketrygdlova fastset nokre nokre plikter, møterena og tidsfristar for oppfølgingsarbeidet. Målet er å unngå unødig langvarige sjukmeldingar. 

Jølster kommue har avtale om Inkluderande arbeidsliv. Det overordna målet med IA-arbeidet er å førebygge og redusere sjukefråveret, styrke jobbnærveret og betre arbeidsmiljøet, samt hindre utstøyting og fråfall frå arbeidslivet.
 
 

Oppfølging av sjukmeldte

 

Eigenmelding
Bruk Min arbeidsplan. Er du tilsett ved Skei eller Vassenden skule, så nyttar du dette eigenmeldingsskjemaet (PDF, 54 kB).


Individuell oppfølgingsplan
Planen skal sikre at dialog mellom rbeidsgjevar og arbeidstakar kjem raskt i gong,og at tiltak og moglegheiter for å kome tilbake i arbeid blir grundig vurdet. Kor omfattande planen og tiltaka skal vere, vil vere avhengig av kor omfattande funksjonssviken er varigheita av den. Mal for oppfølgingsplan finn du her (PDF, 12 kB).

Omstilling
Jølster kommune har eit Omstillingsutval. Omstillingsutvalet er styre for stillingsbanken i Jølster kommune. Utvalet er også drøftingsorgan i samband med avtala om Inkluderande Arbeidsliv. Les meir om utvalet (PDF, 24 kB).
 

Publisert av Anette Sollid. Sist endra 26.01.2015 22:04 av Sollid, Anette
 
 
Login for redigering