Status i dag
I november 2014 deltok 250 av dei tilsette i Jølster kommune i undersøkinga. Undersøkinga var elektronisk. KS og Linda Lai arbeider no med utvikling av rapportverktøyet. 19. mars fekk vi resultata av undersøkinga. Sidan undersøkinga er i pilot er ikkje heile rapprtverktøyet ferdig utvikla endå.
Vidare
Det er anbefalt at undersøkinga vil bli gjennomført annankvart år. Undersøkinga er eit verktøy for leiar for å identifisere kva områder eininga opplever at er behov for satsing.
Denne artikelen vil bli oppdatert med ny informasjon undevegs i piloten.
Dei 10 faktorane som blir målt i undersøkinga
1. Kompetansemobilisering - opplevd bruk av eigen kompetanse
2. Jobbautonomi - opplevd tillit og høve til å kunne arbeide sjølvstendig
3. Indre motivasjon - motivasjon for sjølve oppgåva
4. Mestringstru - tiltru til til eigen jobbkompetanse
5. Meistringsleiing - leiing som vektlegg utvikling og meistring
6. Rolleklarheit - tydeleg kommuniserte forventningar
7. Satsing på kompetanseutvikling
8. Fleksibilitet - vilje til å vere fleksibel på jobb
9. Meistringsklima - samarbeidskultur, gjere kvarande gode
10. Prososial motivasjon - ønskje om å bidra til andre si måloppnåing