Arbeidsgivarstrategi 2015 - 2020

Jølster kommune er ein viktig aktør i utviklinga av Jølster og Sunnfjord. Korleis vi løyser oppgåvene våre og kva verdiar vi står for som tenesteytar og arbeidsgjevar påverkar lokaldemokratiet og det samfunnet vi lever i.

Kommunestyret er kommunen sin øvste arbeidsgjevar, og legg rammene for utviklinga av organisasjonen og utøvinga av arbeidsgjevarrolla gjennom vedtak av arbeidsgjevarstrategi.

Strategien skildrar kva organisasjon vi ønskjer å vere og forventningane til korleis vi skal utøve arbeidsgjevar- og arbeidstakarrolla. Vår visjon; Skaparkraft i verdas vakraste ramme og verdiane til kommunen; raus, modig og inkluderande utgjer fundamentet i strategien.

Arbeidsgjevarstrategien er fundert på at det er våre tilsette som saman skapar verdiar og bidrar til at vi løyser oppgåvene på ein god måte. Strategien skal bidra til ei målretta utvikling av leiarar og medarbeidarar.

Strategidokumentet inneheld også ein handlingsdel. Den delen inneheld konkrete tiltak som skal bidra til at vi når dei strategiske måla våre. Handlingsdelen vert revidert årleg, for å sikre at vi til ei kvar tid set i verk dei rette tiltaka.

Les heile arbeidsgjevarstrategi 2015-2020 her. (PDF, 2 MB)

Publisert av Anette Sollid. Sist endra 05.03.2017 19:34 av Sollid, Anette
 
 
Login for redigering