Vi oppmodar lag, organisasjonar og andre til å søkje på årets kulturmidlar

Dansing på kulturskulen - Klikk for stort bilete

Det er sett av kr. 200 000,- til kulturmidlar i Jølster kommune, og 120 000,- av desse skal fordelast våren 2018.

Frist for å levere søknad er 3.april.

Jølster kommune legg fylgjande prinsipp til grunn ved tildeling av kulturmidlar:

  1. Barn og unge skal prioriterast ved tildeling av kulturmidlar
  2. 60% av samla kulturmidlar skal fordelast i april.
    Midlane skal fordelast etter fylgjande prinsipp:
    40% til idrettslag til fordeling
    30% til musikkråd til fordeling
    30% til andre med søknadsfrist 3. april