Utomhusplan for Eikaasgalleriet

Astruptunet og Eikaasgalleriet 033.jpg - Klikk for stort bilete Nordplan har på oppdrag frå Jølster kommune laga ei utomhusplan for Eikaasgalleriet. Her kan du sjå korleis dei foreslår området rundt galleriet kan utformast.

Arbeidet med planen starta med eit folkemøte på Ålhus i januar der ca 30 personar deltok og kom med mange gode innspel. Dette danna grunnlaget for arbeidet som Nordplan har gjort og som vart presentert for kommunestyret i Jølster denne veka.

Nordplan vart spesielt utfordra til å sjå på avkøyrings- og parkeringstilhøva, korleis parkområdet rundt galleriet kan forbetrast, lyssetting av bygget og området rundt. I tillegg ba vi om innspel på kva vi kan gjere med det gamle garsjebygget og korleis tilknytinga til vatnet kan bli betre.

I forslaget vi har fått ligg det ei "oppstramming" av uteområdet som gjer at både gang- og køyremønsteret er betre lesbart. Det er lagt inn 27 parkeringsplassar (ein HC-plass), snuplass og 2 langsgåande parkeringsplassar for bussar.

Gangsonene er foreslått lagt med betongheller, piren med eit nytt toppdekke og ein skulpturell benk. Badestranda blir foreslått flytta til nersida av galleriet. Garasjebygget blir foreslått revet og eit nytt bygg (næringsbygg) sett opp mellom galleriet og båthamna, slik at dei kan dra vekslar på kvarandre.

Både bygget, trea og området elles er foreslått lyssett på ein måte som vil tilføre området visuelle kvalitetar, skape merksemd frå forbipasserande og tryggleik for dei som oppheld seg der.

Du kan lese heile planen

 

Illustrasjonar av området kan du sjå

 

kan du sjå plan for organisering og beplanting av området.

Plandokumentet med illustrasjonar vil bli lagt ut på Eikaasgalleriet i neste veke slik at alle som ynskjer det kan stikke innom og sjå det der.