Turløype Eikås Eikåsmyra

Eikås - Eikåsmyra panorama - Klikk for stort bilete Nasjonalforeningen Jølster Helselag er saman med Jølster kommune og velvillige grunneigarar no i ferd med å få på plass ein turveg mellom Eikåsmyra og Eikås. Vegen skal gjere det lettare å gå, sykle og trille barnevogn mellom Eikåsmyra til Eikås og derifrå vidare til Støfring og Langhogane.

Arbeidet starta med eit grunneigarmøte i mai 2017, og det er Nasjonalforeningen Jølster Helselag som har søkt inn midlar slik at prosjektet kunne realiserast. Gjensidigestiftinga og Nasjonalforeningen for folkehelsa sitt fylkeslag har bidrege med midlar til tiltaket.

 Eikås - Eikåsmyra nedanfrå - Klikk for stort bilete

Øvste del av vegen, ein tidlegare tunveg, er blitt sett i stand av entreprenør Ivar A. Sunde. Nedste del av vegen er del av den Trondhjemske postveg, og her er det kunn rydding av skog og kratt som skal gjerast. Dette har velvillige frivillige tatt på seg, men arbeidet er ikkje sett i gong enno. Ta kontakt med folkehelsekoordinator Jofrid Aardalsbakke Djupvik jad@jolster.kommune.no dersom du ynskjer å vere med på skogrydding ilag med andre på Eikås.

 Eikås - Eikåsmyra tilgrodd postveg 3 - Klikk for stort bilete

Vegen er open for alle som ynskjer å bruke den. Det skal ikkje vere motorferdsel på vegen med unntak av grunneigarar og den dei har avtale med. Ein tenkjer å skilte vegen, men er ikkje klar med dette enno. Frå Eikås kan ein følgje vegen vidare til fots og med sykkel til Støfring, og komme ut i byggjefeltet i Langhogane. Der det er gangveg vidare til Hjellbrekkefeltet, og gang- og sykkelveg langs E39.

Nasjonalforeningen Jølster Helselag og Jølster kommune ynskjer mange vil få nytte av vegen!

Turvegen på kart - Klikk for stort bilete