Tilrettelegging rundt dagsturhytta Fjellro

I dag har vi vore oppe og sett på kva som må gjerast rundt dagsturhytta på Hjellasva no etter at snøen har gått. Planene framover er slik:

Fjellro  1 - Klikk for stort bilete Fjellro  2 - Klikk for stort bilete Fjellro  3 - Klikk for stort bilete

Torva som vart tatt vekk før hytta vart sett opp skal brukast til å plastre terrenget rundt bygget, det vil gjere det mindre gjørmete og skittent enn det er rundt den no.

Vi skal bygge ei trapp på nersida mot vatnet som både kan brukast til å sitte i og til gå opp til repoet. Der amfiet kjem ned frå taket skal det settast opp eit rekkverk. Det skal byggast ei trapp opp til inngangsdøra, i dag står det berre ein svært provisorisk stige der som gjer det litt problemastisk for alle å komme seg inn i hytta.

Så ser vi dessverre at golvet inne allereie ber preg av at slett ikkje alle tek av seg på beina eller brukar overtrekka til sko som ligg rett innafor døra. Til og med i trappa opp til hemsen ser vi at folk har klatra med skitne sko. Vi vil oppfordre så sterkt vi kan om at alle tek av seg på beina eller brukar trekk på skoa når dei skal inn!

Inne er no alle bøkene i dagsturbiblioteket på plass. Vi prøvde og, med dei enkle hjelpemidla vi hadde, å vaske verste støvet av vinduet som vender ned mot vatnet. Resten skal vi ta når dei siste byggearbeida er ferdig. Så no kan du ta på deg tøfler eller skotrekk, sette deg ned og lese ei bok, eller berre nyte utsikta :-)

Utanfor hytta ser vi at det har vore tent opp bål eit par plassar. Vi reknar med at dette har blitt gjort før snøen forsvann sidan bålbrenning i utmark no er forbode. Vi skal sette opp ei bålpanne så snart vi har fått steinlagt eit trygt underlag for den. Då kan du heller fyre opp på den.