Temakveld om Nikolai Astrup sin gardshage på Sandalsstrand.

Astruptunet - Klikk for stort bilete Vi inviterer til temakveld om Nikolai Astrup sin gardshage på Sandalsstrand  

i Borgja på Ålhus tysdag 16.oktober kl. 18.00

Invitasjon (PDF, 379 kB)

 

«Jeg tænker at forsøge rigtig mange slags grönsaker iaar for sikkerheds skyld.»

(Brev frå Nikolai Astrup – 2. april 1916.)

Tysdag 16. oktober, kl. 18.00, kjem landskapsarkitekt og hagehistorikar Ingeborg Mellgren Mathiesen for å presentere resultatet av det hagehistoriske forskingsarbeidet kring Engel og Nikolai Astrup sin hage på Sandalstrand.

I 2015 starta Ingeborg Mellgren Mathiesen det spennande arbeidet med å kartlegge korleis Astrup sin hage ein gong var.

Engel og Nikolai arbeidde i mange år med å grave, lage stiar, dyrke grønsaker og plante lokale og eksotiske plantar på garden Sandalstrand. Hagen var og viktig for kunstnaren Astrup sin produksjonen, og bileta hans syner oss at det ein gong var ein oase.

Gjennom forskingsarbeidet har Mellgren Mathiesen leita i gamle arkiv, og fått hjelp frå familie og familievener, i og utanfor Jølster. Resultatet er rapporten som vi får presentert i Borgja denne kvelden.

Alle interesserte er velkomne til ein spennande kveld!

Jølster kommune Sparebankstiftelsen DNB Sogn og Fjordane Kunstmuseum