Spelemidlar til kulturbygg - søknadsfrist 1. april

Midlar frå den desentralisert ordninga for tilskot til kulturbygg skal bidra til egna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd.

Det kan søkast om spelemidlar til nybygg, rehabilitering (ombygging og modernisering), men ikkje til vedlikehald og drift.  

Søknader om tilskot gjennom denne ordninga skal sendast inn elektronisk og via kommunen innan 1. april. Ta kontakt med oss om du har spørsmål!

Du finn retningsliner og link til søknadsskjema ved å gå inn på denne sida.