Søknad om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og til drenering av jordbruksjord – frist 1. april

Søknader om Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), og tilskot til drenering av jordbruksjord skal frå og med 2019 sendast inn digitalt med innlogging via ID-porten/Altinn.

Tilskot til Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Føremålet med ordninga er å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og bidra til å redusere forureininga frå jordbruket. Det kan gjevast tilskot til ulike typar av kulturlandskapstiltak og tiltak som reduserer ureining, utover det som kan forventast ved vanleg jordbruksdrift.

Som følgje av jordbruksavtalen 2018 – 2019 er det opna opp for å løyve SMIL- midlar til å etablere dekke for å hindre nedbør i eksisterande gjødsellager. Tiltak som reduserer negativ miljø-/klimapåverknad/ureining frå jordbruket vert prioritert i særskilde område i tråd med Regional plan for vassforvalting sine tiltaksplanar. Dei tre prioriterte områda i Jølster er areal som drenerer til:

  • vassdrag frå Skei til Bolsetvatnet
  • Storegrova m/sidebekkar på Eikås
  • Haugen/Høyset m/sidevassdrag til Stardalselva

Meir informasjon om SMIL- ordninga: Landbruksdirektoratet

Link til orientering om kommunen sine prioriteringar og tilskotssatsar, jf. Strategiplan for spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og Nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK): Jølster kommune

 

Tilskot til drenering av jordbruksjord

Formålet med ordninga er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksareal ved å gje tilskot til drenering av dårleg drenert jord med potensial for auka matproduksjon, samt å redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag.

Både eigar og leigetakar av jordbruksareal som tidlegare har vore grøfta kan søkje. For planerte areal kan det gjevast tilskot til dyrka jord som ikkje tidlegare har vore grøfta.

Søknaden må innehalde plan for drenering med kart, skildring av tiltaket og ein miljøvurdering av dreneringstiltaket.

Sjå heimesida til Landbruksdirektoratet for meir informasjon, faglitteratur og rettleiing til elektronisk søknad (her er og ein instruksjonsvideo).

Nytt digitalt søknadssystem

Søknader om Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), og tilskot til drenering av jordbruksjord skal frå og med 2019 sendast inn digitalt med innlogging via ID-porten/Altinn.

Søkjar kan hente opp rettleiing og forklaringar inne i systemet. Når kommunen har handsama søknaden, blir svaret og vedtaket sendt til føretaket sin innboks i Altinn – eller til Sikker Digital Post (ev. brev i posten dersom søkjaren ikkje har digital postkasse, t.d. ved søknad om tilskot til drenering som privatperson).

Slik gjer du:

  • Gå til siden www.altinn.no på internett
  • Logg deg inn med MinID, BankID eller liknande
  • Vel landbruksforetaket ditt som Aktør, eventuelt deg sjølv som privatperson (dersom du søkjer om tilskot til drenering som privatperson)
  • Søk opp og vel skjemaet Tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) eller Tilskudd til drenering i jordbruket.
  • Legg inn informasjon om tiltaket og last opp naudsynte vedlegg (kart er eksempelvis obligatorisk).
  • Søknaden sendes automatisk til kommunen som landbrukseigedomen for tiltaket ligg i.

Du kan gje andre rett til å fylle ut søknadsskjemaet for deg. Det kan og ordnast inne på www.altinn.no . (Snakk med vedkomande først, dersom dette er aktuelt.)

Ved spørsmål, ta kontakt med Jølster kommune v/ Anne Fetveit, tlf. 57 72 61 22