Søkeaktivitet i Jølstravatnet

Klikk for stort biletePolitiet har som kjend gjort funn av ein bil i Jølstravatnet, men det har ikkje vore mogeleg å stadfeste at sjåføren fortsatt er inne i den. Så lenge dette er uavklard er det mogeleg at det kan gjerast funn i overflata. Brannvesenet er kjend med at sesongen for flytegarn byrjar laurdag 10. august og meiner dette gjev eit betre søk enn frå båt. I tillegg er det planlagd rydding av strandområda no i helga. Samla gjer dette at vatnet vert godt overvaka utan organisert overflatesøk, og dette vert difor ikkje gjennomførd i brannvesenet sin regi.

Ved eventuelt funn av leivningar skal desse sikrast på staden og politiet kontaktast på telefonnummer 112. Dei vil gje instruks om vidare framferd. Gjer ikkje forsøk på å ta dei opp i båten eller å flytte dei utan samtykke frå politiet.  

Jølster kommune ynskjer å takke alle frivillige som stilte opp med mat, drikke og som frivillige i søka som vart gjennomførd 3. og 4. august.