Skredfarekartlegging med drone

Årdal - Klikk for stort bilete Norges geotekniske institutt (NGI) har fått i oppdrag frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) å utarbeide faresonekart for skred i bratt terreng både i Førde og Jølster kommune.

Arbeidet er planlagt med synfaringar og droneflyging.  Bruk av drone er særs godt egna til dette kartleggingsarbeidet. Drona vil flyge langs og til dels opp i nokre av fjellsidene, men ikkje over hus eller anna busetnad.

Under synfaringane vil vi kartlegge nedre deler av fjellsidene og undersøkje områda kor folk bur. Dette siste inneber at vi i mange tilfelle ønskjer å gå rundt husa til folk for å sjå etter spor av skred. Vi vil svært gjerne slå av ein prat med folk som ser oss om skred der dei bur.


Periodane som er planlagt med droneflyging:

  •   7. –   9. mai
  • 11. – 15. juni
  • 13. – 17. august

Jølster kommune og NGI ønskjer kontakt med personar som kan vere relevante for konsulenten i NGI å snakke med om skredhistorikk og lokale forhold som har betydning for skredfare i dei ulike områda. Kontakt NGI v/Heidi Hefre, hhh@ngi.no, 413 10 535 eller Jølster kommune v/tenesteleiar for Plan og bygg Anne-Grete Nøttingnes Rognsøy 57 72 61 14 om du har innspel om dette, frist er 1. september.