Skogdag i Jølster 13. sept - planting/hogst/skogsdrift

Hogstfelt - Klikk for stort bilete Det vert arrangert skogdag i Jølster 13.september kl. 10:00 på Huus (velteplass ved skogsbilveg).

Gratis og ingen påmelding.

Tema :

Planting og stell av barskog og lauvskog, kva treslag bør ein velje, tidspunkt for dei ulike tiltaka, hogst, prisar, tilskottsordningar, entreprenørkapasitet, skattlegging skogsintekter og skogfond.

Vestskog, Fylkesmannen, Jølster kommune og Skogselskapet vil delta

Det vert servert bålkaffi og noko og bite i.

Skogdagen er i regi av prosjekt: Skogkulturmotivasjon 2018, eit samarbeidsprosjekt mellom Vestskog SA og Skogselskapet.

Vel møtt.