Ryddedugnad laurdag 10. august

Klikk for stort bileteMange har vore med på oppryddinga etter rasa sist veke.  Etter initiativ frå Jølster kommune, og i samråd med Jølster jakt og fiskelag, blir det arbeidd med å rydde vatnet og strendene for treverk og anna som er følge av flaum og ras. På laurdag 10. august kl 08.00 samlast vi i bygdene Skei, Helgheim, Årdal, Ålhus, Svidal, Vassenden, Sandal, Myklebust og Dvergsdal/Sunde.

Alle som kan, møter i si bygd med seg sjølv, gjerne med båt (båten bør ha 2 personar m vest), ein traktor m tilhenger og anna naudsynt utstyr. Det vert også aktuelt med folk på landsida som kan samle og hjelpe til med lasting i båtar. Jobben er gjordt når ein møter folk frå nabobygda.

Vi vonar at kvar bygd kan finne landingsplass for innsamla vrakgods. F. eks har Finn Årdal funne plass på vestsida av Årdalselva og på Vassenden vert det ved rasteplassen på nordsida.

Vi håpar at det passer så mange som mogeleg og ønskjer velkommen på laurdag. Ver vennleg å spreie dette til venner og kjende på internett.

For spørsmål, ring til Egil på 92 06 22 03.