Plastdugnad

Jølster kommune håpar bønder (og andre) deltek på Sogn og Fjordane bondelags plastdugnad denne veka.

Vi ser at det er ein del plast på avvegar i Jølster. Vi har også vorte tipsa av privatpersonar om landbruksplast på avvegar.

I Jølster er det hentedato for landbruksplast i veke 19 (frå 7. mai), i regi av bondelaget. Så no er det rette tida for å få rydda opp i (landbruks-) plastavfallet. God dugnad!