Påminning: Søknadsfristen på spelemidlar for 2019 er 15. oktober

Vi minner om at fristen for å søkje om spelemidlar for tildeling i 2019 er måndag 15. oktober.

Søknader skal sendast elektronisk i skjema som er tilgjengeleg på nettsida www.anleggsregisteret.no 

For å kunne søkje må du logge deg inn med BankID.

Vi minner og om at søknader som vart godkjent av fylkeskommunen, men som ikkje fekk tildeling i 2018, må fornye sine søknader.

Anlegg det vert søkt om tilskot til skal inngå i Kommunedelplan for anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Det må og vere idrettsfunksjonelt førehandsgodkjent av kommunen før du kan søkje. Om du allereie har ei førehandsgodkjenning, er den gyldig i to år frå godkjenningsdato. Om den er utgått må den fornyast før du kan søkje på nytt. 

Søknadsskjema er tilgjengeleg på www.anleggsregisteret.no

Føresegnene for spelemiddelordninga finn du her

Om du har spørsmål eller treng hjelp med søknaden kan du ta kontakt med kommunen v/Laila Bergheim Ommedal lbo@jolster.kommune.no evt. mobil 99202653.