Over 100 deltok på Klimaseminar for ungdom denne veka

Klimaseminar ungdom 1 - Klikk for stort bilete Over 100 engasjerte Sunnfjord ungdomar møtte opp på klimaseminar for ungdom 20. mars.

Seminaret hadde klimatilpasning og klimakunnskap som tema. Noko av det ungdomen er mest opptatt av er rassikring, kollektivtilbod (også til dei vaksne!), klima og miljø som valfag i skulen, meir om klima i barnehagar og grunnskule, framtida mm.

Vi fekk innleiingsvis høyre historia til tidlegare ungdomspolitikar Synnøve Kvamme og kva ho jobbar med no i Naturvernforbundet. Forskarar frå Uni Researh hadde brukt Noregs kraftigaste datamaskin til å lage klimaframskriving av nedbør og temperatur for Sunnfjord 50 år fram i tid . Dei kunne bl. anna fortelje oss kor mykje meir nedbør vi kan fovente å få framover, og kva måned det kjem mest. Rådmann Ole John Østenstad fortalte om korleis den komande klimaplanen legg føringar for Sunnfjord kommune.

Maria Stavang, best kjent som piateed, klarar kunsten å kombinere alvor og latter, og var med oss under heile seminaret.

Les meir om klimaframskrivingar og forventa havnivåstiging på NRK sine nettsider

Ungdomsseminar klimaplan 3 Ungdomsseminar klimaplan 4 Ungdomsseminar klimaplan 2 Ungdomsseminar klimaplan 5 Ungdomsseminar klimaplan 8 Ungdomsseminar klimaplan 1 Klimaseminar ungdom 1