Ope møte om klimaplanen 24. januar 2019

Vi inviterer til folkemøte om forslaget til klimaomstillingsplan torsdag 24. januar i Førdehuset klokka 18.00 til 21.00. 

Stad og tid for folkemøte: 

  • Torsdag 24. januar i utstillingssalen i Førdehuset, klokka 18.00 til 21.00

Program for kvelden:

  • 18.00–18:45: Innlegg frå Sunnfjord Miljøverk, Vestlandsforsking (klimatilpasningssenteret) og informasjon om planen.
  • 18.45–20.30: Gruppearbeid om tema i planen. De kan velje sjølv kva gruppe de ønskjer å gje innspel til, og det vert rullering for dei som ønskjer å gje innspel til fleire temaområde.
  • 20.30 – 21.00: Oppsummering
     

På møtet kan du stille spørsmål og kome med innspel til dei som har jobba med planen i dei fire kommunane. 

I tillegg vil fylkeskommunen i Sogn og Fjordane, Sunnfjord Miljøverk og Vestlandsforsking vere til stades på møtet og kan gi svar om spørsmåla gjeld fagområda deira.  

Velkommen!

Høyringsdokument: