Nytt barnehagesystem i Jølster kommune frå 2019

Frå og med 1.1.2019 vil Jølster kommune byte barnehagesystem frå IST til Visma flyt barnehage. Det vil vere Visma flyt barnehage de skal bruke når de søkjer om barnehageplass, endre eksisterande barnehageplass eller seie opp ein barnehageplass. Visma flyt barnehage vil gjelde for både kommunale og private barnehagar i Jølster kommune.

Frist for å seie opp, søkje om auke eller reduksjon i barnehageplass, som gjeld for august 2019, er 1. februar.

I og med at Jølster kommune innfører nytt system, må alle som har ein barnehageplass og som står på venteliste til ein annan barnehage, søkje på nytt. Ta kontakt med barnehagen din om du har spørsmål.

I dette skrivet vil du få informasjon om korleis du loggar deg inn på føresettportalen og korleis du kan leggje inn søknad om barnehageplass.

Søknadsfristen for hovudopptaket i Jølster kommune er 1. mars.

På kommunen si heimeside vil du kunne følgje linken under;

Søkje om barnehageplass

Via linken kjem du direkte til sida for innlogging i føresettportalen. Du loggar deg inn med elektronisk ID via ID-porten.

I føresettportalen har du høve til å velje nynorsk, bokmål eller engelsk som språk.

Slik søkjer du

Søknad om barnehageplass består av fem steg, der du som søkjar må fylle inn informasjon:

 

  1. Opplysningar om barnet
  1. Førdelsnummer
  2. Namn
  1. Kontaktopplysningar om føresette
  1. Relasjon til barnet
  2. Mobiltelefonnummer
  3. E-postadresse
  4. Legg til medsøkjar
  1. Velje barnehage
  1. Ønska oppstartsdato
  2. Barnehagar i prioritert rekkjefølgje
  3. Plasstype
  1. Andre opplysningar
  1. Morsmål
  2. Opptakskriterier
  3. Dokumentasjon for kriterier kor dette vert kravd
  4. Andre relevante opplysningar
  1. Kontrollskjema
  1. Kontroll av opplysningar i søknad
  2. Innsending av søknad

 

Søknaden vert sendt elektronisk direkte via føresettportalen. Det er kommunen sin opptaksmynde som mottar søknaden.

Når søknaden er sendt, vil du få ei stadfesting på e-post. Det er e-posten som du har oppgitt i søknaden, kvitteringa blir sendt til.

Om du har behov for hjelp til å fylle ut søknaden i føresettportalen, kan du ta kontakt med Jølster kommune på telefon 57 72 61 00.