Ny søknadsrunde for momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg

No er det opna for innlevering av nye søknader om kompensasjon for meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg. Søknadsfristen er 1. mars 2019.

Ordninga omfattar alle som søkjer om spelemidlar og oppfyller vilkåra for å motta spelemidlar gjenom Kulturdepartementet si tilskotsordning for bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Det er Lotteri og stiftelsestilsynet som forvaltar ordninga og handsamar søknadane. Alle spørsmål rundt ordninga og søknader skal rettast til dei.

Spelemiddelsøknaden må vere formelt i orden før søknad om momskompensasjon kan få løyving. I tillegg må anlegget vere ferdigstilt før det kan søkjast. Rekneskapsskjema og revisorrapport skal leggast ved, og søknaden må vere sendast innan 1. mars 2019. Den skal leverast elektronisk via Lotteri- og stiftelsestilsynet sine heimesider: her