NGI sin rapport med faresonekart frå utvalde område i Jølster er no klar

Norges Geotekniske Institutt har på oppdrag frå NVE laga ein ny rapport der faresonekart for bratt terreng i Jølster blir presentert.

Denne rapporten presenterer faresonekart for skred i bratt terreng i Jølster kommune utført av NGI. Dei kartlagde områda er 1) Skei, 2) Helgheim, 3) Årdal, 4) Bjørset, 5) Svidal-Ålhus, 6) Løsetslåtten, 7) Vassenden, 8) Kjelsnes, 9) Hammar, 10) Årnes, 11) Sanddal, 12) Sandalsstrand, 13) Myklebust 14) Dvergsdalen 15) Sægrov-Dvergsdal, 16) Sygnesand, 17) Førde, 18) Stardalen V og 19) Stardalen A. Hovedfunn: Alle dei kartlagde skredtypane er relevante innafor kartleggingsområda i Jølster.

Heile rapporten kan du lese her: http://publikasjoner.nve.no/eksternrapport/2019/eksternrapport2019_45.pdf