Motorsagkurs 19 - 20 september

Klikk for stort bileteMotorsagkurs for Jølster 19 - 20. sept på Mo landbruksskule

Torsdag 19.09 kl. 08.30  - 15.30 (TEORI)

Fredag 20.09 kl. 08.30 -15.30 (PRAKSIS)

Eigenandel kr. 750,-

Deltakarar må vere over 15 år og busett i Jølster.

Påmelding innan 16.09 til Jølster kommune: solfrid.tra@jolster.kommune.no

Kurset gjev sikkerheitsopplæring i bruk av motorkjedesag, i medhald av forskrifta «Utførelse av arbeid» av 1. januar 2013. Kurset er naudsynt for å få dekka forsikring om uhellet skjer. Skogeigarar som hyrer inn arbeidskraft er også ansvarleg for at innleigd person har slikt kurs.

Meir informasjon om kurset finn du på skogkurs

Arrangør: Jølster kommune og Jølster skogeigarlag

Instruktør: Arnt Laukland

Deltakarane må ta med eigen mat og drikke (niste), eige sag og naudsynt verneutstyr.

Det er plass til maks 7 deltakarar på kurset, og tildeling av plassar er etter førstemann til mølla prinsippet. Vi har ikkje moglegheiter til å ha venteliste for kurs om vert arrangert seinare.