Lindesnes Trekkspillklubb til Skei 20. og 21. september

Klikk for stort bilete

Lindesnes Trekkspillklubb (LTK) kjem til Skei 20. og 21. september. Klubbens daglege leiar, Rolf «Atti» Eikaas, med røter frå Jølster lovar humørfylt show med fullt trøkk på fredag, og dans til knallgod musikk på laurdagskvelden.  Arrangement er i på hotellet. LTK har vore i Jølster ein gong før, i september 2014. Firda Tidend omtalte den hendinga som «Eit heftig døgn med trekkspelmusikk» og: «Det vart i stor grad ein slagerparade, noko publikum tydeleg sette pris på og kvitterte for med lang og ståande applaus etter den to timar lange konserten».

 

Klubben, som blei grunnlagt i 1990,  har 30 års jubileum til neste år, og har i år opplevd stor suksess med blant anna utseld show i Stavanger konserthus og to utselde show i Grieghallen. Klubben har gjennomført 11 turnear til Canada og USA. Klubben har opptredd på Færøyane, Sverige, Danmark, Tyskland, Slovenia, Italia, Spania, Austerrike og Litauen.

I forbindelse med at Operaen i Oslo blei bygd, bestilte klubben plass for å arrangere eit show, men bestillinga blei ikkje tatt på alvor.  Det tok 12 år for Lindesnes Trekkspillklubb å få spele i operaen,  men når vi først slapp til vart det suksess med to utselde show i 2010. Klubben har også hatt to show i operaen i 2015, og har også hatt konsert i Gøteborgoperaen i 2016 og 2017..

Sidan 2013 har klubben leigd eigne fly for tur til Grand Canaria for klubben og folk som likar musikken.

I juni 2014  blei orkesteret invitert av ambassadøren i Litauen for å vere Norges representantar under den store Midsommarfesten i Vilnius.

Klubben har dei siste åra også  hatt fleire store kyrkjekonsertar, mellom anna i Kristiansand domkirke.

Musikken vert sjeldan spelt på riksdekkande radio, men har rundt 20 millionar  strømningar på iTunes, Spotify og YouTube.

Kinodokumentaren om klubben på 116 minutt, "Med trekkspill til operaen" er  vist 14 gonger  gongar på NRK.

Klubben har også eiga Facebooksida med over 3500 medlemmer.

Klubben sin musikalske leiar Arne Vigeland har spelt i tjue år i lag med Bjøro Håland og er ein eminent steelgitarist og gitarist.

Ekstra stas å komme til Jølster er det for klubben sin formann Ståle M. Kongsvik. Han er oppvaksen på Myklebust, bur i Mandal, og er rådmann i Farsund.  «Rock`n roll stemning på brygga» skreiv lokalavisa Tvedestrandsposten om klubbens konsert i den byen 1. juni i år. Bilde av klubbformannen i aksjon der er vedlagt.

 

Første helga i august hadde klubben to nesten utselde show på legendariske Chat Noir i Oslo. Både Olso folk og tilreisande kvitterte med ståande applaus.

Sist, men ikkje minst, er klubben stolte over at Jølster ordførar Oddmund Klakegg har sagt ja til å opne showet den 20. september.