Kurs i korleis å utforme ein god byggesøknad

Norsk Kommunalteknisk Forening (NKF) inviterer ansvarlege søkjarar, kommunale sakshandsamarar og juristar til kurs i å utforme ein byggesøknad som blir rett første gong.

Plan- og bygningslova og byggesaksforskrifta (SAK10) stiller ei rekkje krav til opplysningar som skal inn til kommunen for at den skal kunne gje byggeløyve.

NKF tilbyr kurs i å utforme ein god byggesøknad i Førde 22. november kl 09:00 - 16:00. I tillegg til at ta for seg kva som må med i ein søknad så er kurset tenkt å vere ein møteplass mellom kommunane og bygge- og anleggsbransjen.

Her kan du lese meir om dei ulike tema kurset tek for seg og melde deg på : http://www.cvent.com/events/hvordan-utforme-gode-bygges-knader-/event-summary-e2c968fa67024ea2b050aa1f528b59e5.aspx