Kom-ilag-treff på Slåttentunet

Kom i lag treffen - Klikk for stort bilete

Ingeborg Slåtten inviterer igjen til Kom-ilag-treff på Slåttentunet Aktivitetshus!

 

Laurdag 13.oktober frå klokka 10 til 14

 

Tilbodet er for deg som ynskjer å treffe andre i sosialt lag, med aktivitet og underhaldning. Varm lunsj, kaffi og kake er også ein del av det heile. Om du har behov for transport til og frå, melder du frå om dette ved påmelding, så organiserer vi samkøyring, eller høyrer med våre frivillige sjåførar.

Prisen for dette er kroner 200,-

Dette er siste kom-ilag-treff vi har midlar frå helsedirektoratet til å gjennomføre. For at tilbodet skal eksistere vidare er ein nøydde til å gjere nokre endringar. Ingeborg er interessert i tilbakemeldingar på opplegget og kva vekedag og tidspunkt som passar for dei interesserte.

 

Påmelding til Ingeborg Slåtten på telefon: 481 01 214 innan klokka 1700 torsdag 11.oktober.